top of page

Me manglar 22 571 indresogningar



I dag vart folketeljinga for 1920 i Norge frigjort på Digitalarkivet sidan det er 100 år sidan den vart gjennomførd. Og når ei slik historisk folketeljing blir frigjort så kan det være greitt å ta ein fot i bakken og sjå på korleis utviklinga har vore i vår region kontra landet dei siste 100 år.

Mykje har skjedd i landet og vår region vårt på desse 100 åra. Men det er likevel ikkje lenger sidan enn at mange av oss kjenner eller har kjend folk som er født i 1920.


Status 1920

Landet hadde Bergensbana mellom Oslo og Bergen. Med både nattog og dagtog. Og reisetida var rund 12 timar. Det var knapt brukandes vegsamband mellom dei to byane som i all hovudsak gjekk gjennom Sogn.

I Indre Sogn levde vi av landbruket og fjorden var ferdselsåra mellom bygdene. Det fanns få veger og det var nesten dagsreiser mellom bygdene

Tabellen viser folketalet i Indre Sogn i 1920 (Inklusiv storkommunen Sogndal og Luster) og landet

 

Tabell – Folketal 1920

VIK 3438

Årdal 1701

Lærdal 2502

Sogndal 8373

Luster 6947

Aurland 2301

TOTALT 25262

NORGE 2649775


I Norge budde det rundt 2,6 millioar mennesker i 1920. I Indre Sogn 25262. Storkommunen Sogndal var den største i 1920 som i dag med sine 8373 innbyggarar. Luster kommune var og ein stor kommune med nesten 7000 innbyggarar. Årdal Kommune var den klårt minste kommunen i 1920 bortgjøymd i ein krok inst i Sognefjorden.


Status 2020

Kommunikasjonane er radikalt endra. Stamvegar mellom Berge og Oslo er etablert. Og midt i landet mellom desse stamvegane ligg Indre Sogn. Regionen ligg svært sentralt til. Indre Sogn har fått tunellar og vegar både her og der.

Dagsreiser er blitt 20 – 30 minutter mellom bygdene. Det tek knapt ein time frå den tidlegare avkroken men no sentrale Øvre Årdal til Aurland og Sogndal til dømes. Det er muligheiter til å dagpendle. Alle føresetnader for vekst er tilstades.


Tabellen viser folketalet i Indre Sogn i 2020 (Inklusiv storkommunen Sogndal og Luster) og landet


 

Tabell – Folketal 2020


VIK 2627

Årdal 5178

Lærdal 2133

Sogndal 11833

Luster 5176

Aurland 1763

TOTALT 28710

NORGE 5384576



Folketalet i Indre Sogn har auka til 28710. I Norge har folketalet auka til ca 5,4 millioner på desse 100 åra.


Utviklingstrekk indre Sogn kontra landet

Tabellen nedunder syner endringar i folketalet for kommunar i Indre Sogn og landet både i tal og prosentvis dei siste 100 åra.

 

Tabell endring i folketal siste 100 år

Folketal %


VIK -811 -23,59 %

Årdal 3477 204,41 %

Lærdal -369 -14,75 %

Sogndal 3460 41,32 %

Luster -1771 - 25,49 %

Aurland -538 - 23,38 %

TOTALT 3448 13,65 %

NORGE 2734801 103,21 %


Folketalet i Norge har vokse med over 100 %, medan det har gått ned med 15% til 25 % i Vik, Aurland, Luster og Lærdal siste 100 år.


I Årdal har folketalet vokse med litt over 200 %, medan det i storkommunen Sogndal har vokse med 41 %.


Skulle kommunane i Indre Sogn fulgt same utvikinga som for landet så burde folketalsveksten vore 26019 og ikkje 3448 som den da reelt er.


Vi manglar 22571 sogningar sett i høve utviklinga i landsgjennomsnittet.


Indre Sogn har fått svært gode kommunikasjonar. Regionen ligg midt mellom to store byar. Regionen ligg svært sentralt til i Norge. Det er flotte buområder. Denne regionen burde ikkje mangla 22571 Sogningar sett i ljos av eit 100 års perspektiv.

Kan sentralisering av makt og tjenester være ein av årsakane. At det er bygder som knapt har statstjenestemenn. Til dømes berre 12 forblåste sjeler i Årdal, medan ein i Oslo/Akershus har over 35 % av alle Norges statstjenestemenn derav alle dei mektigaste.


Ja eg berre spør



Egon M. Moen

116 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

CORONAVIRUS LOCKDOWN

Er i ferd med å etablere EMM AS mitt rådgjevarfirma i den nye SIVA næringssenter på Årdalstangen. Men har naturleg nok teke tid grunna den ekstreme bråstoppen vi har globalt, nasjonalt og lokalt grun

Post: Blog2_Post
bottom of page