Søk
  • Egon Mogens Moen

CORONAVIRUS LOCKDOWN


Er i ferd med å etablere EMM AS mitt rådgjevarfirma i den nye SIVA næringssenter på Årdalstangen.

Men har naturleg nok teke tid grunna den ekstreme bråstoppen vi har globalt, nasjonalt og lokalt grunna COVID 19 og den globale CORONAVIRUS LOCKDOWN

Og eg skulle av heile mitt hjerte starta denne bloggen som skal handle om lokalt næringsliv med noko meir positivt enn koronaviruset. Eg er sjølv styreleiar i selskap som har måtta permitere ansatt fordi inntektene i bedrifta forsvann over natta grunna dette viruset. Ganske uvirkelig.

COVID 19 har skapt ei global krise både helsemessig, økonomisk og sosialt. Og opp i alt dette har Russland og Saudi Arabia funne ut at dei skal ha ein priskrig, noko som har ført til ekstremt låg pris på olje som rammar landet vårt hardt.

Dette har også har fått store konsekvensar i vår region. Arbeidsledigheten er over 10 % og er stigande. Reiselivskommunen Aurland som har førebudd seg på eit storinnrykk i sommar, har den høgste arbeidsledigheten av alle kommunane i Sogn med over 16 %.

Forhåpentlegvis vil ein etterkvar få kontroll over dette viruset, men dei økonomiske konsekvensane vil bli store i 2020. Ingen tvil om det. Alle tiltakspakkene fra regjeringen vil sjølvagt hjelpe men berre i ein avgrensa periode. Særleg reiselivet er utsatt i vår region med ein ujamn inntektsstraum. Mestepartene av inntektene for reiselivet i vår region skjer jo i sommarsesongen. Det tek pakkene ikkje høgde for.

Noko lyspunkt har vi oppe i alt dette. Vi har sterke offentlege sektorarar i Sogn. Off. sektor er ikkje ramma av permiteringar slik næringlivet er. Og ein sterk offentleg sektor viser og kor viktig den er i ein slik situasjon.

Og vi har sterke og robuste lokale bankar som tåler ein støyt.

Eg trur det neppe vil komme mange asiatar til Sogn i 2020, og kanskje ikkje heller mange europearar og Cruisebåtar heller. Difor må reiselivet i Sogn år jobbe hardt mot det lokale markedet i Norge som må støtte opp.

Samme gjelder jo våre produksjonsbedrifter og handelsbedrifter. Handle lokalt.

Dei to store industribedriftene i Sogn, Hydro og Norsun, som omsetter for milliarder og nøkkelbedrifter i vår region har tøffe tider framover dersom ikkje global etterspørsel aukar. Utfasing av produksjonslinjer særleg på Hydro sine anlegg er ekstremt dyrt. Oppattstart av slike linjer kan ta år. Er det fare for det, må regjeringa på bana etter mitt syn.

All erfaring viser at etter ei nedgang kjem det ein oppgang i økonomien. Det veit alle. Så lenge vi heldt saman og jobbar hardt saman om denne dugnaden, så går det bra til slutt. Det er berre syklusen ingen greier å spå. Og det blir neppe slik som ved børskrakket i 1929, som innleie ein lang økonomisk depresjon over mange år. For det er ikkje økonomien det er noko feiil med. Det er eit virus kalla COVID 19. Diverre har korkje stat, bankar eller andre simulert konsekvensane ved ein slik pandemi. Så vi var totalt uforberedt alle sammen.

Stao pao. Dette skal vi greie saman

0 visninger

©2020 by Emm as. Proudly created with Wix.com