top of page
Forfatterens bildeEgon Mogens Moen

Kjære alle Årdøler. Gratulere så mykje med dagen


17. Mai er unik og viktig for alle oss som bur i dette vakre landet.

Eg er vokse opp her i Årdal og hugsar barnetoga. Når eg var ung hadde vi 600 elevar barnestege på Farnes Skule. 17 mai, grunnlovsdagen var noko vi gledde oss til alle. Slik er det også i dag.

Barnetoga er eineståande. Glade born som feirar vår demokrati og vår fridom med viftande flagg.

Ikkje rart me blir stolte over denne tradisjonen me som bur i dette vakre landet.

Korpsfolk spelande med med folketog og glade born viftande med det norske flagg i mellom fjord og fjell i vakre Årdal. Få andre land kan vise til noko liknande.

På 17 mai skal me feira dei som på fåe veker laga Grunnloven den 17 mai 1814 på Eidsvoll.

Grunnloven av 1814 – med idear om fridom, likhet og brorskap.

På denne dagen skal me minnas diktarene Henrik Wergeland og Bjørn Stjerne Bjørnson som gjorde 17 mai til ein nasjonal festdag for heile folket.

Me minnes også Christian Michelsen, som på klok måte forhandlet frem avtalen om å oppheve unionen med Sverige i 1905 og Stortingspresident Carl Joachim Hambro som ved sin snarrådighet på Elverum fikk Kongen og regjeringen med fullmakter i sikkerhet over til England i 1940.

8 mai i år var det 75 år sidan Norge vart eit fritt land att. Me minnast alle dei som kjempa for Norge under krigen og alle dei 11 955 norske ofrane.

17. Mai er fantastisk og det er ein nasjonal skatt som må hegnast om.

Ein folkefest med bunader, leikar, konsertar, store forsamlingar av glade born.

Men ei slik feiring får me ikkje i år.

Pandemien som herjar verda har sørga for ei annorlunda feiring.

Viruset Covid 19 har slått hard til.

Stoe delar av verda har sett seg sjølve i karantene. Heile samfunnet har stoppa opp.

Og konsekvensa har blitt store:

· Mange fattige er blitt enno fattigare

· Mange ensomme – enno meir ensommare

· Mange er blitt arbeidsledige og framtida verkar usikker

Noko liknande har ingen av oss opplevd.

Ingen større inngripande tiltak er gjort av nokon regjering i dette landet sidan 2 verdenskrig.

Norge er eit lite land. Vi har spreidd busetnad. Og vi har forvalta våre ressursa godt.

Grunnlova som vart til i 1814 på Eidsvoll er ein viktig grunn for det. Grunnlova la grunnlag for eit samfunn basert på demokrati, likeverd og respekt.

Grunnlova la grunnlaget for stå saman og hjelpe kvarandere når vi har det vanskelig.

Den globale Pandemien har fått fram dette gode i oss.

Som å:

· Å ta vare på kvarande.

· Å vise kvarander respekt.

Rundt om i kommunen vår ligg det steinar som det er måla det norske flagget på.

På nokre av steinane er det og skrive ned enkle budskap som:

*TA VARE PÅ KVARANDRE

*VER EIN VENN

*DET BLIR BEDRE

Det viser solidariteten. Det viser at vi står saman. Det viser at born og unge bryr seg og bidreg på sin måte.

I Frontlinja mot viruset Covid 19 har ikkje vore soldatar og kanonar.

Dei som har vore i frontlinja i kampen mot viruset er

· Helse og omsorgsarbeidarar på alle nivå,

Verden rundt klappar for helse og omsorgsarbeidarae som står på for å redde liv. Med fare for sitt eige liv.

Men mange andre har bidrege som

· Reinhaldsarbeidarar

· Dei som produserer selger mat

· Dei som distrubierer våre varer og tjenster

Desse er våre nye heltar i kampen mot viruset.

For tre månader sidan peikte alle piler i taket når det gjaldt velferd og økonomi i dette landet.

Slik er det ikkje lenger. Alt er snudd på hovudet. Det har denne pandemien sørga for.

Verdsøkonomien har fått seg ein alvorleg knekk.

Det har vi og merka her i Årdal. Vårt næringsliv produserer for dei store internasjonale marknadane. Vi har eit reiseliv og næringsliv som er internasjonalisert.

Norsun og Hydro, våre største nøkkelbedrifter har kome bra ut av det. Men mange bedrifter i Årdal slit. No må me Årdøler bruke tilbuda våre lokalt. Viktig dette. No må vi støtte opp om det flotte og hardarbeidande næringslivet vårt.

Vi som bur her må vise solidaritet også her.

Kong Harald sa noko viktig i sin tale om Pandemien:

I vanskelige og usikre tider for veldig mange, så minna kongen oss om det vi har all grunn til å være stolt av, nemlig at nordmenn stoler på kvarandre

Kongen sa at vi har høg tillit til kvarandre, til institusjonane, til dei ulike myndighetene.

Det er viktig, for no blir den samme tilliten satt på prøve.

Ein påminnelse om at sjølv om mange føler einsemd og usikkerhet, så står vi sammen.

Kloke ord fra Kongen vår.

Med desse orda ynskjer eg alle fortsatt ei flott 17 mai feiring.

· Ver ein venn

· Ta vare på kvarandre

· Det blir bedre

Gratulera med dagen

125 visninger1 kommentar

Siste innlegg

Se alle

CORONAVIRUS LOCKDOWN

Er i ferd med å etablere EMM AS mitt rådgjevarfirma i den nye SIVA næringssenter på Årdalstangen. Men har naturleg nok teke tid grunna...

Comments


Post: Blog2_Post
bottom of page